Norsk English

Hardingtonar: Røyst trio i Ingebrigt Vik museum

Ingebrigt Vik museum

12.06.2016 00:00

Sundag 12. juni kl. 13 held Røyst trio konsert i eit lokale utanom det vanlege. Ingebrigt Vik museum er ikkje berre ei nyting for auga, her er også ypparleg akustikk for ein vokaltrio som Røyst.

Røyst er:
Kari N. Bleivik
Cecilie Giskemo
Maria Jardardottir
 
Røyst Trio vart etablert i Leeds i England i 2002  av dei tre norske komponistane og vokalistane.
Bleivik, Giskemo og Jardardottir framføre original musikk skrive og arrangert av medlemene i gruppa. Kvar av musikarane har sin heilt særeigne lyd og uttrykk som dannar ein unik vokaltekstur.
 
Røyst trio har eit variert samansett repertoar og ei allsidig blanding av musikkstilar. Det kan nemnast rytme og tekstur frå verdsmusikken, lidenskap og temperament frå tradisjonell norsk folkemusikk, moderne og tradisjonell vokaljazz, fri improvisasjon, ulike etniske musikk- og vokaluttrykk inspirert frå ulike stader i verda.
 
Konserten er eit samarbeid mellom Kabuso og Hardingtonar.