Norsk English

Konsertføredrag: Ice Music m/Terje Isungset & co 

Konsertsalen, Kabuso

12.11.2016 18:00 til 19:30

Terje Isungset er verdas einaste profesjonelle utøvar av is-musikk. Laurdag 12. november kl 18 kjem han til Kabuso med Ice Music - saman med vokalist Maria Skranes og Silje Smith Johnsen, forskar frå Bjerknes-instituttet. 

Det er over 15 år sidan Terje Isungset, ein av Norges fremste perkusjonistar, starta å eksperimentera med lyden av is. Icemusic har no blitt eit kjent begrep i verdssamanheng gjennom turnear, plater, intervju, filmar og ulike TV-program.

Nyleg har det vore halde konsertar i Canada, Frankrike, Finland og sjølvsagt på ismusikkfestivalen på Geilo.

I 2015 kom Isungset sitt is-album nummer sju ut - eit album med tydeleg miljøfokus. Her kan ein høyra opptak gjort med mange av jordas største og viktigaste is-ressursar:

  • 100 år gamal is frå sentrum av Sydpolen (Antarktis).
  • 500 år gamal is fra Spitsbergen, isbreen Austfonna (Arctic).
  • 700 år gamal isbre-is frå dei italienske alpane (Val Senales).
  • 1000 år gamal is frå norske brear: Svartisen og Nigardsbreen.
  • Isfjell fra Grønlandsisen (alder ukjend).
  • Sjø- og ferskvatnis frå Canada (Iqaluit).
  • Ferskvatnis frå Norge (Geilo/Kirkenes/Lillehammer), Sverige (Jukkasjärvi) og Russland (Sibir).

Basert på denne utgjevinga presenterar Isungset m.fl. eit konsertføredrag i Kabuso: 

  • Føredrag v/ klimaforsker fra Bjerknes senter for klimaforsking (ca 40 min) med fokus på utviklinga av isen i nordområda og særleg Grønlandsisen.
  • Konsert med Terje Isungset og Maria Skranes (vokal) 

Ved bruk av visuelt design og surroundlyd vert publikum tekne ytterlegare med inn i isverda. Publikum vert omslutta av denne - og det utan å frysa! Konserten skal nemleg spelast i vanleg innetemperatur.

Dette blir ei heilt unik oppleving!

Sjå meir www.icemusic.no 

Billettar i sal her