Norsk English

Barneverkstad: Magisk teikning

Foajeen, Kabuso

05.11.2016 11:00 til 13:00

Simone lærer deg å lage magiske teikningar med bruk av optiske illusjonar. Korleis kan du lage teikningar som lurer auget? Korleis er det mogleg å få noko som er flatt til å sjå ut som det kjem ut av papiret? På barneverkstaden får du lære tips og triks til ting du kan gjere med teikningane dine.

Barneverkstadane i Kabuso er eit tilbod for born i alle aldrar og vert leidd av kunstnar Simone Hooymans. Ho er opphavleg frå Nederland og  studerte ved Kunstakademiet i Arnhem, Nederland. Dei siste åra har ho vore busett i Ålvik. Hooymans arbeider med teikning og animasjon. Ho har og leidd kunstskule for born i Kunstnarhuset Messen i regi av kulturskulen i Kvam.