Norsk English

Utstillingsopning: Vestlandsutstillinga 2016 - Lokale forhandlingar

Kabuso

23.01.2016 13:30

Vestlandsutstillinga vert vist kvart år i Kabuso - som einaste visningsstad i Hordaland. Eit fint høve til å oppdatera seg på kva som skjer på kunstfronten på Vestlandet!

Opning laurdag 23. januar kl 13.30 v/konst. fylkesdirektør for kultur og idrett, Per Morten Ekerhovd

Transport: Det blir sett opp eigen buss t/r Bergen-Kabuso for opninga.
Bussen går frå perrong P (heilt sør) på busstasjonen i Bergen kl. 11.30
Bussen blir merka Vestlandsutstillingen.
Retur skal vere attende i Bergen kl. 17. Turen kostar kr. 100 t/r.
Påmelding til kontakt@vestlandsutstillingen.no etter fyrstemann til mølla-prinsippet.

 


 

Deltakande kunstnarar:
Anne-Lise Stenseth, Annette Kierulf, Aud Bækkelund, Cato Løland, Cecilia Jonsson, Christine Hansen, Dani Waagen Braatveit, Elin Brissman, Gard Aukrust, Jonas Silfversten Bergmann, Kiyoshi Yamamoto, Kurt Johannessen, Leander Djønne, Linda Soh Trengereid, Mari Kolbeinson, Synneva Heradstveit, Tonje Bøe Birkeland, Trond Lossius, Øyvind Johnsen, Åsne Eldøy & co (Patrik Entian og Aleksi Wildhagen).

Om Lokale forhandlingar:
Kuratorane Lars Korff Lofthus og Sveinung Unneland ynskjer å bruka Vestlandsutstillinga 2016 til å undersøka kva det lokale kan tyda.
Stadig fleire fenomen synast å røra seg på tvers av kulturelle, geografiske og nasjonale grenser.
Nye nettverksformer og elektroniske skyformasjonar skapar klynger og grupperingar ein tidlegere ikkje kunne tenkja seg. Det lokale har endra natur.

Samstundes oppstår produksjon av meining lokalt og kan henda ikkje i fora me oppfattar som sentrale. Skildringar av heimlege omgjevnader utgjer ei nokså uavbroten linje i kunsten. 
Er det relevant for deg å vere der du er for å undersøke det du vil? Ein kan lura på om det nære og heimlege kan få ein ny aktualitet - ikkje for å opphøga historia, men som eit forsøk på å lokalisera oss sjølve her og no.