Norsk English

Eplejazz: Norvald Dahl trio & Jon Irabagon

Foajéen, Kabuso

28.01.2016 19:00

Torsdag 28. januar kl 19 bles Jon Irabagon inn det nye konsertåret i Kabuso - saman med Norvald Dahl trio.   

Bli med du og å innvia konsertåret du og! Billettar finn du her: https://kabuso.ticketco.no/
   
Jon Irabagon - saksofon
Norvald Dahl - piano
Alexander Grieg - bass
Nils Are Drønen - trommer

Våren 2012 inviterte den bergensbaserte pianisten og komponisten Norvald Dahl det amerikanske stjerneskuddet Jon Irabagon til Bergen for konsertspeling. Resultatet vart svært vellukka og bandmedlemene har spela saman jamnleg sidan.
I oktober 2014 spela dei inn debut-abumet sitt, In The Bull's House, i villaen til Ole Bull på Lysøen. Albumet inneheld utelukkande originalt materiale og alle musikarane bidreg med komposisjonar.

Musikken er av svingande karakter med moderne harmonikk og rytmikk med store rom for improvisasjon. Noko av repertoaret har utvikla seg noko i meir nordisk/lyrisk retning og har element av både norsk folkemusikk og "moderne klassisk" i seg.

Høyr lydklipp: https://soundcloud.com/orvaldahl  

I samarbed med Den musikalske stamvegen, Vestnorsk Jazzsenter