Norsk English

Erlend Apneseth trio

Konsertsalen, Kabuso

27.09.2015 19:00

Set av sundagskvelden 27. september til å oppleva "ein spydspiss innan den nordiske folkemusikken"; Erlend Apneseth i samspel med Stephan Meidell og Øyvind Hegg-Lunde! 

Erlend Apneseth - hardingfele
Stephan Meidell - gitar
Øyvind Hegg-Lunde - trommer

Erlend Apneseth er ein prisvinnande hardingfelespelar frå Jølster i Sogn og Fjordane, og av dei aller fremste unge folkemusikarane i landet i dag. Samtidig har han etablert seg med eit meir moderne uttrykk der han søker seg mot improvisert musikk og samtidsmusikk, stadig med utgangspunkt i klangane frå hardingfela og folkemusikken. Dette har mellom anna resultert i samarbeid med dansegruppa Carte Blanche og fleire ulike improvisasjonskonstellasjonar og folk/jazz-baserte grupper, med omfattande konsertverksemd i inn og utland. I 2012 blei Apneseth, som den sjette i rekka etter Valkyrien Allstars, Gjermund Larsen, Siri Nilsen, Frida Ånnevik og Moskus tildelt Grappas debutantpris. 

Debutalbumet Blikkspor, produsert av Arve Henriksen, vart sleppt i oktober 2013 til strålande kritikkar. Av det tyske musikkmagasinet Jazzthing blir Apneseth omtalt som "ein spydspiss i den nordiske folkemusikken", og av Bergens Tidende som "ein glimrande formidlar av folkemusikk, og samtidig ein nyskapar som utvidar folkemusikken i retningar som fascinerer".

No har han utvida samarbeidet med trommeslagar Øyvind Hegg-Lunde (Building Instrument, José Gónzalés) og gitarist Stephan Meidell (Cakewalk, Krachmacher), som også bidrog på debutalbumet.
Ny plate ferdig innspelt under namnet Erlend Apneseth Trio, og blir sleppt på impro / jazz -selskapet HUBRO i 2016.

"Like poets, Apneseth, Hegg-Lunde and Meidell conveyed a compelling story with a spare vocabulary whose every syllable and every grammatical twist carried weight. A trio to watch out for."
Ian Patterson, allaboutjazz.com


Les og lytt: http://www.erlendapneseth.com/
Billettar i sal på Ticketco

EApromo