Norsk English

Eplejazz: Signe Førre trio

Foajéen, Kabuso

31.05.2015 15:00

Signe Førre er bassist, vokalist og komponist tilknytt arnestaden Voss Jazzskule. Allereie som 19-åring har ho spelt med og imponert storleikar som Terri Lyne Carrington, Andy Sheppard, Tineke Postma m.fl. 

Førre er bandleiar med eit variert repertoar som spenner frå tolkingar av standardlåtar til eigne komposisjonar. Vossajazz skreiv dette om henne etter konserten i 2014: "Førre og bassen hennar er eit musikalsk kapittel i seg sjølv. Førre sine fingrar kitlar og leikar seg over basshalsen. Stundom er det som om bassen lever sitt eige liv der han halsar avgarde og lirer ut av seg dei finaste tonar. Førre lokkar bassen attende med lokkande tonar med si heilt særprega røyst. Ho minnar mest om ei hulder der ho lokkar og forfører publikum med liflege tonar og lokkande røyst. Stemma er nesten mytisk sår og sterk på same tid." 

Signe Førre - kontrabsss/vokal
Erlend Slettevoll - piano
Håkon Mjåsett Johansen - Trommer