Norsk English

Siste helg! Vestlandsutstillinga 2015 - Handlingens gang

Utstillingssalen, Kabuso

07.03.2015 13:00 til 29.03.2015 16:00

Vestlandsutstillinga vitjar årleg Kabuso og Hardanger, og er einaste visningsstad i Hordaland. Tema for utstillinga er språk som kunst og kunst som språk. Utstillinga er kuratert av Kjersti Solbakken som er leiar for Fotogalleriet.

Historie vert ofte definert som ei samanhengande framstilling av hendingar i fortid. Reint språkleg vert ordet nytta i ei todelt tyding som både viser til historie og forteljing.

Handlingsgang, eller på engelsk plot, vert skildra som ei forståing av heilskapen som styrer ei rekkje hendingar i eikvar forteljing. Handlingsgangen gjer hendingane om til ei forteljing, og utgjer slik skjæringspunktet mellom teemporalitet og narrativitet. Hendingane, handlingane, karakterane, reaksjonar, endringar og vanskar bidreg til å følgje ei forteljing mot konklusjonen.

 

Deltakande kunstnarar i 2015 er:

Aage Langhelle, Benedicte Clementsen, Elin Melberg, Gabriel Johann Kvendseth, Gunnhild Torgersen, Ida M. Følling & Øyvind Torvund, Inger Wold Lund, Jòhanna Ellen, Kristian Skylstad, Jason Havneraas & Kjetil Berge, Margrethe K. Brekke, Maria Brinck, Marius Moldvær, Olve Sande, Petrin Vinje, Ragnhild Aamås, Runa Carlsen, Sandra Vaka Olsen, Silje Linge Haaland, Øyvind Aspen