Norsk English

Eplejazz: Svein Olav Herstad trio

Foajeen, Kabuso

22.03.2015 13:00

Velkomen til Eplejazz i Kabuso sundag 22. mars kl. 13. I tillegg til Svein Olav Herstad på piano består denne leikne trioen av Magne Thormodsæter på kontrabass og Håkon Mjåset Johansen på trommer.

Svein Olav Herstad trio framstår som særs samspelt, med ein fingerspitzgefûhl av ei anna verd. Pianospelet til Herstad er noko av det mest lyriske me har her til lands, men me får òg tidvis høyre ein råskap som skapar ein sjeldan kontrast. Velkomen til ei svingande stund i foajeen i Kabuso!

Meir om Svein Olav Herstad trio her