Norsk English

Dansekunstverk: Far, far away

Konsertsalen, Kabuso

28.09.2014 19:00

Sundag 28. september kl 19 presenterer Kabuso ei sterk og nær oppleving i form av eit dansekunstverk med rus og barndom som tema.  

Kristine Nilsen Oma fortel i dansekunstverket Far, far away om si eiga oppleving av å ha vakse opp med ein narkoman far - med høgst verkelege og reelle utfordringar. Nilsen Oma viser den oppriktige kampen for å vera eit lukkelig menneske.

Medverkande: 
Koreograf, utøvar og produsent: Kristine Nilsen Oma
Scene-element, kostyme og foto: Janne Robberstad
Live-musikk: Øyvind Hegg-Lunde
Co-produsentar: Per Rutledal og Bergen Dansesenter/DansIt

Produksjonen er ei høgaktuell konseptuell førestilling med vekt på det atmosfæriske. Her vert samtidsdans, teatral tekst, performance art og live musikk miksa saman med ein aktiv scenografi.  

Forestillinga er støtta av Norsk Kulturråd, Fond for Utøvende Kunstnere, Fond for Lyd og Bilde, Stavanger kommune, Bergen kommune, Trondheim kommune og Kirkens Bymisjon.

Filer