Norsk English

Klassisk: Ingfrid Breie Nyhus - Villarkorn

Kabuso

21.02.2014 15:00

Laurdag 22. februar kl 15 kan du høyra Ingfrid Breie Nyhus (piano) spela slåttar av Olav Kielland. 

Villarkorn er ei rekkje korte satsar for piano skrive av komponisten Olav Kielland i 1950. Satsane byggjer på slåtte- og stevtonar frå Telemark. Kielland fann inspirasjon i mytiske figurar som huldrer og draug, i magiske krefter og det draumeaktige som er omtala i mange av folkevisene våre. Han let desse ideane gje liv til ein fantasifull og klangleg klavermusikk i Villarkorn. 

Ingfrid Breie Nyhus er oppvaksen i ein folkemusikkfamilie med polsrytmar og hardingfeleslåttar rundt seg. Ho valde sjølv pianoet som instrument og har studert klassisk klaver i Noreg, Tyskland og Finland. Vidare har ho vunne ei rekkje prisar og utmerkingar som pianist. Dei siste åra har ho leita seg tilbake til sine folkemusikalske røter, og søkjer ulike måtar å kombinera flygelet sine klangmoglegheiter og kunstmusikken sin kreativitet. Ho vart nominert til Spellemannsprisen med albumet "Griegslåttene", der ho tek hardingfela si stildrakt, ornament og rytmar inn i Grieg sitt klaververk "Slåtter".
Denne gongen er det Villarkorn ho tolkar og bearbeider, med improvisasjonar over materialet. Ho gjenfortel verket slik ein gjenfortel eit eventyr, med sine eigne klangar, nærverande og ope for endringar i situasjonane som oppstår på kvar konsert.

Gjenforteljingane er ei oppdagingsferd i norsk musikk og i flygelet si overtonerike verd, via det draumeaktige, det magiske, det meditative og det suggererande.