Norsk English

Film og musikk: Berlin: Storbyens symfoni m/live musikk

Konsertsalen, Kabuso

14.02.2014 14:00

Laurdag 15. februar kl 14 viser Kabuso stumfilm frå 1927 til tonane frå det nyskapande sjumannsorkesteret Karokh.

Om filmen:

Berlin: Storbyens symfoni (orig. Berlin: Die Sinfonie der
Großstadt) er ein legendarisk stumfilm i svart-kvitt frå 1927 av Walter Ruttmann.
Varigheit: 65 min.
 
Filmen skildrar ein dag i eit Berlin som på 1920-talet opplevde eit industrielt oppsving og gjev eit innblikk i livs- og arbeidsvilkåra på den tida.
Dette er ein sokalla "City Symphonie", ein type avantgardistisk film frå 1920-talet som skildrar live ti storbyen utan narrativ historie og med lite bruk av mellomtekstar. Sjangeren var ein freistnad på å skapa film på filmen sine eigne premiss - og ikkje teaterets.   
Filmen var opphavleg meint å vera utan musikk, men er på mange måtar bygd opp som eit musikkstykke. Det gjer at når ein først spelar musikk til filmen, så vert ikkje dette berre eit akkompagnement av forteljinga, men det oppstår ein dialog mellom musikken og bildet.


Om bandet:

Ina Sagstuen - vokal
Thomas Litleskare - trompet
Christian Skår Winther - gitar
Jonas Cambien - tangenter
Jan K Hovland - tangenter
Magnus Nergaard - bass
Jan Martin Gismervik - trommer 

Karokh Portrett

Karokh er eit nyskapande sjumannsorkester som får stor merksemd på den unge musikkscena i dag. Medlemene er kjende frå band som Ich B!n Nintendo, Monkey Plot, PGA, Skadedyr, Platform og Wolfram.
Karokh er umogeleg å sjangerdefinera, men som ein freistnad kan ein sei at dei blandar det beste frå amerikansk surfrock med improvisert minimalisme, i eit møte med dronete krautrock og akustiske follkeviser. Her finn ein ei original instrumentering og ein søken etter nyskapande lydar, samstundes som bande theld fast på element som kven som helst kan kjenna seg igjen i.
Bandet har turnert i fleire land og spela på festivalar som Nattjazz og Match and Fuse. I februar 2014 gjev Karokh ut debutalbumet på de tNew York-baserte plateselskapet Loyal Label.     

Les og lytt:
www.karokh.com


Arr: Kvam filmklubb og Kabuso