Norsk English

Klassisk: Den internasjonale Edvard Grieg pianokonkurransen

Konsertsalen, Kabuso

15.10.2014 19:30

Onsdag 15. oktober kl 19.30 har du sjansen til å oppleva tre internasjonale pianist-stjerneskot i Kabuso.

I samband med Edvard Grieg internasjonale pianokonkurranse som går av stabelen i Bergen 11.-18. oktober vert det arrangert fleire konsertar i regionen. Dermed kan du denne kvelden oppleva 3 av dei totalt 26 deltakarane i konkurransen - i Kabuso.

EG internasjonale pianokonkurranse trekkjer til seg unge og særs talentfulle pianistar frå heile verda, så her har du sjansen til å høyra framtidas aller fremste pianistar.    

Arr: EGM Troldhaugen og Kabuso
Konserten er støtta av Hordaland fylkeskommune

Følg med på konkurransen her:
www.griegcompetition.com  

Filer