Norsk English

Skuleførestilling: The End - A gentle reminder

Konsertsalen, Kabuso

18.04.2013 13:00

Torsdag 18. april har elevar frå vidaregåande skule høve til å sjå skuleframsyninga The End - A gentle reminder i Kabuso.

Dette er ei sterk, vakker og tankevekkjande framsyning, ei påminning om vilkåra for livet og gleda over å vere til.

Med framsyninga The End - a gentle reminder tek ensemblet tak i dødsangsten og set livet i perspektiv gjennom song, dans og musikk. I vår del av verda høyrer døden til på sjukehus, i avisar og på fjernsynet. Vi vil ikkje sjå døden på nært hald, korkje som liner i ansiktet eller som avlidne slektningar. Di meir vi distanserer oss frå døden, til meir fjern blir han - og større blir dødsangsten.

Handlinga kombinerer to fiksjonslag; eit begravelsesrituale og eit erindringsrom. Hovudpersonen, Richard, finst ikkje lenger. Dette har han vondt for å akseptere. Men etter kvart som framsyninga utviklar seg innser han at sjølv ikkje det tilsynelatande meiningslause livet han har levd var heilt utan meining.

Ensemblet nyttar element av dans, song, teater og musikk. Dei auditive og visuelle elementa er likestilte med dei tekstlege, og songen og dansen formidlar ein like stor del av historia som teksten. I tillegg skapar lyd- og lysdesignet fleir lag i framsyninga gjennom flotte skyggebilete og lydteppe frå ei svunnen tid.
Ensemblet er internasjonalt, og tekstane blir framførde på engelsk.

Dette er ei framsyning som seier ja til livet, og handlar om å vere til stades og å forsvinne; ei påminning om den evige historia og kven vi eigentleg er.
Framsyninga opnar opp for diskusjonar om liv og død, om det å misse og det å ta ansvar. Ho set òg fokus på korleis handlingane våre påverkar den verda vi lever i.

"Every choice you make, shapes the future, just like the world we live in is a result of all the choices people have made throughout history. This gives you a lot of responsibility. It also makes you a very important person."
Sitat henta frå framsyninga.

Det blir høve til ein samtale med dei medverkande rett etter framsyninga.


Arr: Den kulturelle skulesekken