Norsk English

Utstilling: Hansen/Haugland/Tronsmo - Grøne sjøar og blått blod

Utstillingssalen og foajéen

16.02.2013 14:30 til 21.04.2013 16:00

16.02-21.04 2013

Utstillinga Grøne sjøar og blått blod tek utgangspunkt i Folgefonna og vert presentert av Carl Martin Hansen, Glenn Erik Haugland og Heidi Tronsmo i Kabuso. Dei kunstnarlege uttrykka spenner frå lydinstallasjonar, skulptur, teikningar, foto, video til tekst. 

Om utstillinga:

Det kan vera vanskeleg å fatta eit så komplekst system som klimaet på jorda, likevel meiner ein at menneskeleg aktivitet gjennom dei siste hundre åra har auka temperaturen på kloden. Det meste av denne oppvarminga vert teke opp av dei store hava, elles ville temperaturen på overflata gjort det umogleg å leve her.

Bevisa finn vi i målingar av havtemperaturen, stigning i havnivået, brear som smeltar og endringar i ei rekkje biologiske og fysiske miljø. Klimaendringane er verkelege, men nokon vil merka dei sterkare enn andre.

Utstillinga Grøne sjøar og blått blod, er inspirert av breen. Av naboen vår, Folgefonna, som ligg der majestetisk like over fjorden som ein glinsande juvel i Hardanger. Fonna kan sjåast frå store delar av regionen og representerer eit kjent og viktig haldepunkt i kulturen vår.
«Som dei fleste breane her i landet, er Folgefonna i dag mindre enn breen har vore på fleire hundre år. Breane blir ofte omtalt som «kanarifuglar» i klima-systemet, fordi den raske is-smeltinga varslar om dei dramatiske klimaendringane som vi har i vente. Ved Folgefonna er endringane alt godt synlege. Helleristningar har dukka fram frå isen oppe ved brekanten, og brearmane Buarbreen og Bondhusbreen har trekt seg fleire hundre meter tilbake», skriv Eivind Aare i ein artikkel i Stavanger Aftenblad.

I bilete, ord og tonar går kunstnarane Carl Martin Hansen, Glenn Erik Haugland og Heidi Tronsmo rett til kjerna av denne debatten. Med foto, video, installasjon, teikningar, poesi, konsertar og lydbilete lar dei kunsten fortelja oss noko om dei utfordringane vi står over for. Kunsten kan, på ein annan måte enn all verdas faktainformasjon, gje oss ei sanseleg kjensle av samfunnet vi lever i.

Den sanselege kunnskapen festar seg endå sterkare i minnet ettersom den går djupare. Saman har desse tre kunstnarane skapt eit heilskapleg verk som nettopp snakkar til sansane våre.

Grøne sjøar og blått blod viser kor relevant klimaproblematikken er, sjølv i det «reine» Hardanger, fjernt frå storbyar, industri og forureining. Hardanger og Voss Museum, og dermed Kunsthuset Kabuso, har valt å vera «miljøfyrtårn». Vi registrerar dei spora vi set etter oss i miljøet. Grøne sjøar og blått blod er spesielt relevant for oss som institusjon, men óg for alle dei som i framtida skal reparera skadane vår generasjon har gitt dei i arv.


Tekst: Bjørn Inge Follevaag


KONSERTAR:
Det vert også sett opp ei konsertrekkje med fire framføringar i tilknyting til utstillinga (Sjå progam til høgre). 

BLOGG:
Følg gjerne prosessen til utstillinga på kunstnarane sin eigen blogg.