Norsk English

Konsert: FRYD

Konsertsalen, Kabuso

13.02.2013 19:00

Berit Opheim og fire andre dyktige medmusikantar framfører FRYD i Kabuso onsdag 13. februar kl 19. 

FRYD vart framført i Vangskyrkja under Vossa Jazz i 1997, og utgjeve på CD året etter (Vossa Jazz Records).
Dette er salmar og folkemusikk presentert av improviserande utøvarar med Berit Opheim frå Voss i front.
Opheim er ei av dei fremste kvinnelege kvedarane og vokalistane i Noreg i dag. Ho har særleg arbeidd med norsk folkemusikk i hovudsak frå Vestlandet og heimbygda Voss, men er og ein pioner når det gjeld å formidla og fornya tradisjonsmusikk i nye samanhengar - både i Noreg og utlandet. Ein flittig nytta solist både i folk-, jazz- og samtidsmusikk-samanhengar.
Også medmusikarane har brei bakgrunn m.a. frå folkemusikk, kyrkjemusikk og jazz. Men i FRYD er det likevel ikkje snakk om stilblanding, snarare fem ulike personlegdomar som saman utformar sine eigne versjonar av tradisjonsmusikken i eit akustisk lydbilete.

Medverkande:
Berit Opheim - vokal
Per Jørgensen - trompet, vokal
Bjørn Kjellemyr - bass
Einar Mjølsnes - fele
Sigbjørn Apeland - orgel