Norsk English

Eplejazz: Sonarophon

Foajeen, Kabuso

01.12.2013 14:00

Velkomen til jazzkafé med førjulsstemning! I Kabuso sundag 1. desember kl 14.  

Line Horneland - vokal, loop, live sampling
Alf Terje Hana - gitar, elektronikk
Alf Terje Hana og Line Horneland er ein spanande duo som held ein lågmælt profil der verkemidlane
er vare og landskapa er opne. Gjennom musikalske fantasilandskap, men også i meir kjente tonetrakter,
begeistrar dei publikum med spanande klangbilete.
Dei rører seg i kryssingsfeltet mellom det arrangerte og det improviserte, det akustiske og det elektroniske.
Line Horneland og Alf Terje Hana har kvar for seg utforska improvisasjon i ulike konstellasjonar.
Saman utforskar dei duoens mogelegheiter; frå det stille til det eksplosive, til melodiøse linjer og atonal lydimprovisasjon.
Dette vert ein annleis og vakker førjolskonsert!