Norsk English

Konsertføredrag: Ketil Bjørnstad om Edvard Munch

Konsertsalen, Kabuso

24.11.2013 18:00

Munch-jubileet skal sjølvsagt markerast også i Kabuso! Merk deg sundag 24. november kl 18 for konsertføredraget med multikunstaren Ketil Bjørnstad.   

Ketil Bjørnstad er komponist, pianist og forfattar - og har eit lidenskapleg forhold til Edvard Munch. Dette har kome til uttrykk mellom anna gjennom boka Historien om Edvard Munch (1993) og albumet Løsrivelse med Kari Bremnes (1993). 
Bjørnstad er elles ein sentral aktør i Munch-jubileet 2013. 

I konsertføredraget fortel Ketil Bjørnstad historia om Edvard Munch. Med utgangspunkt i Munch sine eigne tekstar og dagboksnotat syner Bjørnstad korleis dramatiske hendingar i ungdomsåra var med på å forma han - og til slutt gav han visjonen om å måla biletserien Livsfrisen. 
Vidare fortel Bjørnstad om anarkisten og kristianiabohemen Hans Jæger sin store påverknad og om andre personar som var viktige for han i desse åra. 
Bjørnstad framfører musikk som er spesialskriven for Munch sine kunstnariske verk og litterære tekstar. På repertoaret står det høgdepunkt frå heile den allsidige karriera til Bjørnstad, også den folkekjære Sommernatt ved fjorden.

Les meir om Ketil Bjørnstad og omtalar av konsertføredraget:
http://www.varden.no/kultur/enestaende-om-munch-1.7812179