Norsk English

Folkemusikk: Sudan Dudan

Konsertsalen, Kabuso

03.11.2013 19:00

Sudan Dudan vert rekna som ei av dei mest interessante gruppene innan folkemusikk i dag - fullendt, tidlaust og vakkert! Sundag 3. november kl 19 kan du høyra den albumaktuelle duoen i Kabuso.

Marit Karlberg - vokal, langeleik
Anders Røine - vokal, gitar, fele

Sudan Dudan er møtet mellom Jotunheimen og Appalachene. Her får ein servert originale arrangement av norske folketonar, tydeleg inspirert av amerikansk old time music og vestafrikansk ørkenblues. Dette er det næraste ein kjem Gillian Welch og David Rawlings på norsk!
 
Den nydelege stemma til Karlberg vert stilfult pakka inn i kledelege arrangement for den noko uvanlege kombinasjonen gitar og langeleik. Saman med flotte korinar gjer dette Sudan Dudan sitt musikalske uttrykk til eit fullendt, akustisk og vakkert univers der gamle hsitorier om riddarar, prestar, fattigfolk og jomfruelege kongsdøtre vert gjort tidlause og like lite geografisk fastbundne som dei ein gong var.   

  1363648640_Sudan _Dudan _Kari _og _Ola