Norsk English

Film: Edvard Munch

Konsertsalen, Kabuso

17.11.2013 19:00

Kabuso og Kvam filmklubb markerar Munch-jubileet 2013 med to gratis filmframsyningar. Den første filmen vert vist sundag 17. november kl 19; dokudramaet Edvard Munch frå 1974. 

Regi: Peter Watkins, 1974

Skodespelarar: Geir Westby, Gro Fraas, Eric Allum, Amund Berge, Kersti Allum   Språk: Eng/Nor
Lengde: 2 t. 44 min. 
 

I dokudramaet Edvard Munch frå 1974 møter me ein ung Edvard Munch. Filmen skildrar relasjonen han hadde til sin eigen familie. Det var ein djupt religiøs og borgarleg familie, som og vart hardt ramma av sinnsjukdom, sjukdom og død. Me får og eit innblikk i dei fyrste vanskelege forholda til kvinner og møtet med Christiania-bohemen sin kamp mot notida sine verdiar. I sentrum står Munch og målarkunsten, konsentrert rundt tema sjukdom og død, ulukkeleg kjærleik og angstfylt seksualitet.

Edvard Munch er regissert av britiske Peter Watkins og alle rollane er spela av norske amatørar. Filmen har særpreg med den fiktive og dokumentariske formen, og vert ofte omtala som ein klassikar og eit meisterverk. Ingmar Bergman har mellom anna kalla filmen ein genistrek.

"It´s a remarkable film." - Time Out

"Dette er en klassiker av en film." - Arne Eggum, tidligare sjef for Munch-museet

- Nothing that Peter Watkins, the English director ("The War Game," "Privilege," "Punishment Park"), has done before quite prepares us for the moving, complex, beautifully felt portrait of the great Norwegian artist Edvard Munch (1863-1944), one of the most influential painters in the founding and defining of European Expressionism.
- New York Times


Arr: Kvam filmklubb og Kabuso 

NB! Det vert også gratis visning av fem korte filmar om Munch sundag 24. november, samt konsertføredrag med Ketil Bjørnstad om Munch same dag.