Norsk English

Folkemusikk: Slagr og Granlien presenterer Tveitt

Konsertsalen, Kabuso

20.01.2013 18:00

Det vert eit musikalsk møte mellom kammerfolktrioen Slagr og folkesongar Camilla Granlien i Kabuso sundag 20. januar kl 18. Dei ynskjer å ta Geirr Tveitt sine songar og visetonar "heim" igjen til røtene.

Camilla Granlien, vokal
Anne Hytta, hardingfele
Sigrun Eng, cello
Amund Sjølie Sveen, vibrafon

Ensemblet er ute på sleppeturné med den nye plata si Tveitt Songs. Det det vert med andre ord ein konsert via musikken til Geirr Tveitt. 
Her får du sjølvsagt høyra Vi skal ikkje sova bort sumarnatta, men vel så mykje ser musikarane fram til å presentera dei meir ukjende, små perlene hans med tekstar av Aslaug Vaa, Olav H. Hauge, Alf Prøysen og Aslaug Laastad Lygre. 

Slagr set sitt karakteristiske preg på musikken med lange linjer og vare klangar, medan Camilla Granlien gjev Tveitt-songane eit anstrøk av folketonar.  


Les og lytt: www.slagr.com og www.camillagranlien.no


Arr: Hardingtonar og Kabuso