Norsk English

Årets siste klassiske sommarkonsert:
Unni Løvlid og Joachim Kwetzinsky

Konsertsalen

25.08.2012 17:00

Laurdag 25. august kl 17 er det klart for eit musikalsk møte med folkesongar Unni Løvlid og pianist Joachim Kwetzinsky i Kabuso. Gjennom konserten ynskjer dei to å gje eit bilete av korleis komponistar som Edvard Grieg og Lasse Thoresen har lete seg inspirera av norsk folkemusikk.    

Unni Løvlid og Joachim Kwetzinsky har tidlegare turnert saman i samband med Grieg-året i 2007. Då heldt dei konsertar i Jotunheimen, Island, Bangladesh og Frankrike med prosjektet Grieg i Jotunheimen.


Unni Løvlid 
(f. 1976) er ein av dei mest markante unge musikarane i Noreg i dag. Ho er nyskapande og let seg ikkje binda av normer og reglar. Musikalsk er ho svært allsidig og samarbeider gjerne med musikarar på tvers av sjangrar og kulturar.

Løvlid kjem opphavleg frå Hornindal og er no busett i Oslo.
Viktige læremeistrar har vore mora hennar, Oline Løvlid, og andre kjelder i heimbygda. På grunnlag av det ho har lært av desse har skrive avhandlinga "Ein song etter...".
Unni Løvlid har musikkpedagogisk utdanning og utøvande hovudfag frå Norges Musikkhøgskole. Ho har også undervist ved denne institusjonen, samt ved Ole Bull Akademiet.
Løvlid har gitt ut to soloplater. På debutalbumet So ro liten tull  syng ho rim og regler knytt til born. På det neste albumet, Vita,  presenterer Løvlid opptak gjort i Emanuel Vigeland-mausoleet i Oslo.
 Medlem av to grupper: Fjøgl (2012) og Rusk (1999). Jobbar elles som frilansmusikar og har halde konsertar over heile verda.
I 2006 framførte Løvlid Schönbergs Pierrot Lunaire som eige konsertprosjekt i Oslo. Ho komponerte også til tingingskonserten under Årinnfestivalen i Kristansand same år.   


Joachim Kwetzinsky (f. 1978) er ein framtredande og allsidig ung norsk pianist.   Han har diplomutdanning frå Norges Musikkhøgskole der han studerte med Einar Steen-Nøkleberg og Liv Glaser. Kwetzinsky har tidlegare også studert hos Jiri Hlinka ved Barratt-Due musikkinstitutt.
I 2009 mottok han Robert Levins Festspillpris og i 2002 var han prisvinnar i den internasjonale Concours Grieg. I 2004 vann Kwetzinsky konkurransen om Rikskonsertane sitt treårige lanseringsprogram INTRO-klassisk. Der fekk han positiv omtale for profilert programval, imponerande oversikt over og utforming av det musikalske stoffet, stor virtuositet og usentimental varleik i framføringa.

Kwetzinsky har delteke som solist på ei rekkje festivalar, mellom anna Festspillene i Bergen og fleire utanlandske festivalar. Han har også halde konsertar i ei rekkje land over heile verda. 

Kwetzinsky har vidare framført over tjue verk av norske og utanlandske komponistar.
I 2010 kom det første soloalbumet hans Polyphonic Dialogues, og han medverkar også på Elliott Carters cellosonate på albumet Figments and Fragments.      

 

Program:

Edvard Grieg (1843-1907):
Norske Folkeviser / Nineteen Norwegian Folk Songs, Op. 66
1. Kulokk / Cow Call (from Lom)
2. Det er den største dårlighet / It Is the Greatest Foolishness (from Sunnmøre)
3. En konge hersket i Østerland / A King Ruled in the East (from Sogn)
4. Siri Dale-visen / The Siri Dale Song (from Årdal in Sogn)
5. Det var i min ungdom / It Was in My Youth (from Luster in Sogn)
6. Lokk og bådnlåt / Cow Call and Lullaby (from Luster in Sogn)
7. Bådnlåt / Lullaby (from Ryfylke)
8. Lokk / Cow Call (from Lom)
9. Liten va guten / Small was the Lad (from Østre Slidre)
10. Morgo ska du få gifta deg / Tomorrow You Shall Marry Her (from Lom)
11. Der stander to piger / There Stood Two Girls (from Lom)
12. Ranveig (from Lom)
13. En liten grå mann / A Little Grey Man (from Lom)
14. I Ola-dalom, I Ola-tjønn / In Ola Valley, in Ola Lake (from Østre Slidre)
15. Bådnlåt / Lullaby (from Lom)
16. Ho vesle Astrid vår / Little Astrid (from Lom)
17. Bådnlat / Lullaby (from Turtagrø in Sogn)
18. Jeg går i tusen tanker / I Wander Deep in Thought (from Turtagrø in Sogn)
19. Gjendines bådnlåt / Gjendine's Lullaby (from Lom)


Lasse Thoresen (1949):
Solspill for piano / Sun Glittering for piano, Op. 13 (1983/1986)

Fra Helligkvad / From Sacred Songs, Op. 19a for solo voice (1988/1997)
La meg næres av din skjønnhet



I samarbeid med EGM Troldhaugen