Norsk English

Badnalarm: Knølkvalen Kai

Konsertsalen, Kabuso

07.07.2012 12:00

Heidi Marie Vestrheim og Roy Ole Førland presenterer familieførestillinga om Knølkvalen Kai.

 

Knølkvalen Kai dukka opp for fyrste gong i Godnattboka i 2007. 
Sidan har forfattar og artist Heidi Marie Vestrheim teke Kai med seg til scena. Den vesle kvalen er svært glad i å syngja, så her vert det både forteljing og musikk.
 
Om framsyninga:
"Av alle dyr og fiskar som finst i havet er knølkvalen den flinkaste til å syngja, og Knølkvalen Kai har ei heilt særskilt vakker røyst. Kai si røyst er så ven at alle vil høyra Kai syngja, for når han syng dei vakre tonane så kjem den mest beskjedne krepsen ut av skalet sitt for å høyra. No lyt knølkvalen Kai reisa ut på ei stor reise saman med mor si, ut til det store havet, for å finna ein ny sommar. I havet lurar det mange farer som enorme blekksprutar med åtte lange armer og dei svært farlege spekkhoggarane"

Framsyninga vert gjort med stønad frå Sparebanken Vest

Alder: Frå 3 år
Varigheit: 30 min


Arr.: Bygdalarm og Kabuso

Filer