Norsk English

Ingebrigt Vik - skulptøren og teiknaren

Utstillingssalen, Kabuso

21.04.2012 00:00 til 27.05.2012 00:00

21.04 - 27.05

 Kabuso har tatt fram skattar frå magasinet og via utstillingsalen til Ingebrigt Vik sine meir ukjende arbeid. Ingebrigt Vik - skulptøren og teiknaren er ei utstilling som tek sikte på å syna prosessen bak dei endelege verka og mangfaldet i Vik sin kunstnarskap.

Billethoggaren Ingebrigt Vik vart fødd i Øystese i 1867. Han vert rekna som ein av dei fremste bilethoggarene i norsk kunsthistorie. Etter berre 15 år som aktiv kunstnar, rakk han sette spor etter seg. Han vann fleire konkurransar, medaljar og vart kjøpt inn av dei store kunstmusea i landet.

Vik budde og arbeidde i Øystese, Bergen, København, Paris og Christiania. Desse stadene hadde stor innverknad på korleis kunstnarskapen utvikla seg, frå det nasjonalromantiske til klassisisme og naturalisme. Utstillinga i Kabuso legg vekt på Vik sin kunstnariske utvikling.

Kuratert av Heidi Jaeger, fagleg leiar Kabuso