Norsk English

Gisle Torvik & Hardanger Big Band

Konsertsalen, Kabuso

25.03.2012 13:00

Sundag 25. mars kl 13 kan du høyra jazzgitarist Gisle Torvik i samspel med Hardanger Big Band i konsertsalen: Nordisk jazz møter trad. storband.

På programmet står mellom anna to innslag av Torvik som er komponert særskild for samarbeidet med HBB.
 
Gisle Torvik (f. 1975) er oppvaksen i Tørvikbygd og starta å spela gitar i 1992. Etter berre kort tids øving meistra han kunsten og har sidan utvikla seg til å vert ein av nordens beste jazzgitaristar.

Torvik har gjeve ut albuma Naken uten gitar (1999) og Frozen Moment (2009).
Ein omtale i FestivalMag skildrar albumet som nordisk melankoli med frost i tonane og plasserer Torvik i ein jazztradisjon saman med Jan Garbarek, Mari Boine og Terje Rypdal. 

Solistar i tillegg til Torvik vert Arild B. Nielsen (trompet) og Arne August Vik (vokal).
HBB feirar i år 25 år som storband og konserten markerar starten på deira jubileumsfeiring. 
 
 
 
Les meir her:
Gisle Torvik 
Hardanger Big Band