Norsk English

For born: Kva kan ein teikna med?

Kabuso og Ingebrigt Vik-parken

20.10.2012 14:00

Laurdag 20. okt kl 14 blir barneomvising og aktivitetar knytt til utstillinga Eg er det tilfeldige sin plan og meitemarken si reise i Kabuso.

Må ein alltid bruka høgre eller venstre handa når ein teiknar? Kan ein bruka noko anna enn ein blyant for å laga ei teikning? Må ei teikning førestilla noko? Kan ei teikning få vera rar?

Me let oss inspirera av Kurt Johannessen sine teikningar og utforskar nye måtar å teikna på.

Passar for born i alderen 4 til 10. Ta med utekle. Aktivitetane føregår både inne og ute.