Norsk English

Jan Eggum solo

Kunsthuset Kabuso

03.06.2011 19:00

Fredag 3. juni kl 19

I år fyller Jan Eggum 60 år. Dette vert m.a. markert med utgjevingar av 60 nye låtar fordelt på tre svært ulike dobbeltalbum. Det første av desse er kalla Kjærlighet og ærlighet I og kom  ut i mars. Utgjevinga vert omtala som eit popalbum. 

 

Som tidlegare viser Eggum at han har ein bittersøt penn og produserer fengande låtar. Frå kafébordet ser han det moderne, urbane mennesket koma og gå, og skildrar det heile rausare og varmare enn tidlegare. Albumet inneheld skarpe og vare betraktingar om moderne menneske på jakt etter nokon å "halda fast i" når kvelden kjem. Personane i Eggum sine låtar ser ut til å føretrekka einsemd midt i folksame lokale. Dei går no der og er ikkje særleg nøgde med liva sine - uansett kor mykje velstand dei måtte ha i banken. Ein kan hevda at Eggum set ord på og toneset tida me lever i på finurleg vis