Norsk English

Susanna Wallumrød syng Gunvor Hofmo

Kunsthuset Kabuso

25.03.2011 20:00 til 30.03.2011 00:00

"Jeg vil hjem til menneskene"
Susanna Wallumrød syng Gunvor Hofmo
- eit møte mellom to av Nordens fremste melankolikarar

Susanna Wallumrød - song
Hans Magnus Ryan - gitar
Ståle Storløkken - piano
Jo Berger Myhre - bass
Erland Dahlen - trommer


Susanna Wallumrød er ein av dei mest markante og dyktigaste vokalistane i Noreg. No er ho aktuell med eit nytt album: "Jeg vil hjem til menneskene". Albumet er inneheld musikk til lyrikaren Gunvor Hofmo sine dikt. Det er klart for vakker musikalsk melankoli og eit sterkt møte mellom tekst og stemme.

Gunvor Hofmo (1921-1995) gav ut si første diktsamling i 1946. Til saman gav ho ut 700 dikt og 20 samlingar. Ho vert rekna som ein av dei mest sentrale modernistiske lyrikarane i Noreg og ei av etterkrigstidas sterke stemmer. Hofmo hadde evne til å setja ord på menneskelege lengslar, tap og undring over både ondskap og det vakre i livet. Dette har fått gjenklang i Wallumrød si verd gjennom melodiar, klangar og hennar eiga stemme. Dette er eit møte mellom to av Nordens fremste melankolikarar.

Susanna Wallumrød si interesse for Gunvor Hofmo vart vekka i 1999 då ho fekk juleboka "Jeg glemmer ingen" i gåve. Sidan vart boka "Mørkets sangerske" av Jan Erik Vold viktig. Til sist (2009)kom den konkrete idéen om å setja musikk til tekstane til Hofmo. I mars 2011 kan ein høyra resultatet i form av plateutgjeving og konsertar.

Wallumrød har etablert seg i elitesjiktet blant norske musikarar, både med duoen Susanna & The Magical Orchestra (med Morten Qvenild) og som soloartist. Wallumrød har gjeve ut totalt fem album; tre med Susanna & The Magical Orchestra og to soloalbum.
Ho har vorte lagt merke til både i inn- og utland. Frå strålande omtalar og konsertverksemd verda over, via musikk til suksess-serien Grey's Anatomy, til samarbeid og turnéverksemd saman med amerikanske Bonnie "Prince" Billy.

Saman med musikarane Ståle Storløkken (Elephant9, Supersilent, Terje Rypdal), Hans Magnus Ryan (Motorpsycho), Jo Berger Myhre (Solveig Slettahjell, Splashgirl) og Erland Dahlen (Madrugada, Nils Petter Molvær, Xploding Plastics) har Wallumrød vore i studio med Hofmo-materialet.
Albumet kjem ut 18. mars og har fått rosande omtale i mellom anna Dagbladet(terningkast 5).
Konserten i Kabuso vert så starten på turnéen i samband med denne utgjevinga.