Norsk English

Peer Gynt med Maurstad og Alver

Konsertsalen, Kabuso

25.10.2011 19:30 til 20:30


Toralv Maurstad - skodespel
Rune Alver - piano 

Toralv Maurstad er kjend som norsk teaters nestor og er ein anerkjend Ibsen-fortolkar. Maurstad har framført Peer Gynt tallause gongar, og presenterer monologversjonen i Kabuso. Han vil også fortelja om Ibsen si fargerike skikking.

Rune Alver er serleg kjend for sine Grieg-fortolkingar. Under denne konsertførestillinga framfører han delar av Grieg og Sæveruds scenemusikk for Peer Gynt.