Norsk English

Hardanger Skyspace av James Turrell opnar 23. september

Det er no klart at Hardanger Skyspace av den amerikanske kunstnaren James Turrell opnar i september 2016. Fredag 23. september blir det opningsfest og første høve for publikum til å vitja lysinstallasjonen ved fjorden i Øystese. 

Hardanger Skyspace blir verdas nordligaste Skyspace, og forma han har er inspirert av Ingebrigt Vik museet sin markante arkitektur.

Nettsida www.hardangerskyspace.no er elles under ferdigstilling - her vil det koma informasjon som gjeld opningstider, tinging av billettar og liknande.