I Kabuso med born

Små kunstopplevingar

Born er alltid velkomne i Kabuso. I kafeen finn de ein eigen barnekrok med bøker og teiknesaker. Me har stellefasilitetar til dei minste og ei avslappa atmosfære. Born går alltid gratis i utstillinga i følgje med ein vaksen, og dei får redusert pris på konsertane våre og i Skyspace. I Ingebrigt Vik museum finn de eit gratis aktivitetshefte. Heftet har oppgåver som relaterer seg til Vik sine fascinerande skulpturar og inviterer borna til ei oppdagingsferd i museet. Kabuso har og eigne arrangement for born.

Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born med kring 4 arrangement i halvåret. Medlemsskap kostar 70 kronar, som gir gratis inngang til alle arrangementa i klubben. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar. Programmet finn du i program og i eigne flyerar.

Kabuso arrangerer Kakaokonsert i samarbeid med Kvam kulturskule. Konserten gir unge utøvarar høve til å opptre på ei profesjonell scene. Konserten er ope for alle som er interessert i følgje med på den yngre musikkscena i Kvam.

Undervisningstilbod for skuleklassar og barnehagar i utstillingane våre finn du under undervisning.


Kontakt

Hardangerfjordvegen 626, Øystese
Tlf. 474 79 987 / post@kabuso.no


Nyhendebrev


Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Kunsthuset Kabuso


Opningstider

September–mai:
Ons–fredag kl 11–15, laur+sundag kl 11–16
Stengt man-tysdag

Juni–august:
Ope kl 11-17 alle dagar

X